Quantcast
Channel: Håndarbeiden » Allslags
Viewing all articles
Browse latest Browse all 127

Heimeknipla kniplingskant

$
0
0

Det er mai, og Håndarbeiden har selvsagt tatt for seg bunad. Vi har allerede hatt fire bunadsinnlegg (se lenker neders i bloggen), og her viser Aftenbladets kulturredaktør, Solveig Grødem Sandelson, oss hvordan hun laget knipinger til bunadslua si, da hun var 17:

Heimeknipla kniplingar

«Eg har knipla blondekanten på denne (bildet over) sjølv. Det syns eg er ganske rart.

Nå kan det jo vera at dette er ein ganske vanleg ting å gjera i oppegåande handarbeidsmiljø, men slike miljø er nok ikkje eg ein del av sånn i det store og heile.  Difor, eller kanskje fordi det faktisk ikkje er så vanleg, veit eg bare om ei til som har ein sånn eigenknipla blondekant. Det er Oddveig, som eg lærte meg dette saman med, den gongen vi var 17 år, og ikkje bare gjekk i 4H, men til og med valde å bruka vinter og vår på å læra oss å laga kniplingar, ein gong på det eigentleg glade åtti-talet.

Knipslingspute – for ungdom og for eldre.

Du treng ei pute til å knipla på (se over).

Rull med mønsterlapp og knipling.

Midt på denne, er det ein rull. Rundt den festar du mønsterpappen, som du alt har teikna opp eit mønster på, og prikka holer i med ei prikkenål der du seinare skal stikka knappenåler etterkvart som du kniplar deg bort til holene langs strekane du har teikna, kniplar deg rundt knappenåla, vidare og vekk. Til det neste holet, der den neste knappenåla skal stå, o bli knipla rundt. Slik driv du på, med halvslag og dobbeltslag og slag eg nok ikkje hugsar namnet på lenger.

Kniplepinnar i tre.

Til dette treng du også ein bråte med kniplepinnar i tre. Kor du får tak i sånne, veit eg like lite om som kor du får tak i puta. Kniplepinnane høyrer saman i par, to og to av dei deler same tråden, sterk bomullstråd, som du, også før du får begynt med sjølve kniplinga, har spolt på pinnepara med eit hendig lite spoleapparat. Det hadde handsveiv, hugsar eg. (Det er omtrent her eg lurer på kva slags 17-åringar vi var, Oddveig og eg, og om eg eigentleg bør fortelja at vi dreiv med dette, spoling og prikking og mønsterteikning, alt for å kunna knipla våre eigne små blondekantar, eller rettare sagt, ein liten blondekant, til eit fint lite lommaplagg, og ei litt breidare blonde, eit mellomverk, for eksempel til eit putevar.)

Når alle pinnepara var ferdigspolte, hang vi dei over kvar si knappenål i enden av mønsterarket på rullen, og så var vi i gang. Med eit par kniplepinnar i kvar hand om gongen.

Det enklaste var snoing, då legg du bare høgre pinnen over den venstre – eller motsatt. Men det kan du jo ikkje driva med i det uendelege, blir ikkje rare blondegreia av slikt. Eit halvslag bestod av snoing, der du heiv den eine pinnen over den neste, la oss seia mot høgre, for så å kryssa, det vil seia leggja dei to høgrepinnane denne nå låg mellom, over mot venstre. Eit dobbeltslag? Snoing, kryssing, snoing, kryssing.

C-moment?

Og sånn gjekk nå dagane. Av dei ulike slaga fekk ein ulike mønster. Så gjaldt det å dra akkurat passe til i alle desse trådane, så det blei fint og jamnt. Skeive, skrukkete blonder er ikkje fint. Ikkje i det heile tatt. ”Mandelen” var c-momentet vårt, det aller vanskelegaste vi laga. Den vridde seg, drog seg mot den eine sida, eller fekk ikkje noko tett og fin vevd kjerne.

 Hos Malmfrid

Det var hos Malmfrid Fjermestad på Kvernaland vi dreiv med dette. Ho var tolmodig, gammal og klok. Veldig flink med handarbeid og veldig begeistra for kniplingskunsten. Dessutan var ho aldri nysgjerrig på noko som helst anna enn korleis det gjekk med kniplinga vår. Det likte eg henne for, hugsar eg.

Den store svenneprøva ho sette oss til, etter at vi med sveitte fingrar og mykje strev hadde fått dei små blondegreiene, med mandel og det heile, til å bli mindre skeive og skrukkete, var å laga vår eigen blondekant til lua på vår eigen bunad. Denvi hadde fått til konfirmasjone eitt par år tidlegare. Det tok tid. Lang tid. Eit band blir ikkje veldig fort langt av at du kryssar tynne bomullstrådar fram og tilbake.

Men vi blei ferdige. Sidan har vi aldri knipla, noko av oss. Det er 27 år sidan. Men vi har i alle fall heimeknipla, sjølvknipla blondekant på bunadsluene våre. Det er vel kanskje noko alle burde ha?»

 Her er flere bunadsblogger:

Sy en cape på en kveld: http://blogg.aftenbladet.no/handarbeiden/2013/04/21/sy-cape-til-bunaden-pa-en-kveld/

Nå skal det være hodeplagg til bunaden: http://blogg.aftenbladet.no/handarbeiden/2013/05/05/na-skal-det-vaere-hodeplagg-til-bunaden/

Oppgrader bunaden! http://blogg.aftenbladet.no/handarbeiden/2013/04/26/oppgrader-bunaden-min-rogalandsbunad-fikk-ny-fasong/

Når bunaden er for kald på 17. mai: http://blogg.aftenbladet.no/handarbeiden/2013/04/13/hvis-bunaden-blir-for-kald-pa-17-mai/


Viewing all articles
Browse latest Browse all 127